Mange forventar kanskje blonde, bunadkledde budeier når dei kjem til Herdalssetra. Mellom kneisande sunnmørsfjell og ein yrande, kvit geiteflokk står difor budeia sjølv, Nailoke Shilunga, i djupgyllen kontrast: Ei vever kvinne frå Namibia med rastafletter som danser i latter! I 300 år har folk drive seter i Herdalen, ei irrgrøn høgslette klemt øvst mellom Norddal og Geirangerfjorden. - Eit stykke norsk natur så eineståande vakkert og særeige at UNESCO har freda heile fjordlandskapet her som verdsarv. Vi får vi eit eineståande møte med Nailoke i det råe fjell-landskapet ho har forelska seg i og oppsøkt år etter år. Utfordringane er mange, og slettes ikkje alle dagar er lette og solblanke.